Vi gjev gåver til tiltak som kjem ålmenta til gode i distriktet som har bygd opp kapitalen i tidlegare Tysnes Sparebank.
Sparebankstiftinga Tysnes
#StøttarDeg
Søknadsportalen opnar i september
Sparebankstiftinga Tysnes sine satsingsområder:
I september kan du søkja om gåver frå oss
Etter ein hektisk periode for styret og samarbeidspartnarane, er det ei glede å kunna meddela at vi snart er klare til å ta imot søknader om gåver.
Søknadsportalen vår vert opna for å skriva søknader i august, og du kan senda inn søknaden din til oss gjennom heile september månad. Vi planlegg å ha portalen open for søknader 2–3 gongar i året. Neste planlagde søknadsmånad er januar 2027.
Vi skal dela ut inntil 6 millionar kroner i gåver til gode tiltak fram til sommaren 2027. Midlane vil grovt sett bli fordelte over tre tildelingsperiodar, der den første er basert på søknader i september.
Vi vil invitera alle som ynskjer det til eit orienteringsmøte om søknadsprosessen i løpet av august. Her får du svar dersom du har spørsmål om søknadsportalen. Eigne kunngjeringar og informasjon på denne sida vil gje deg fleire detaljar om dette. Dersom du har starta på ein søknad, eller planlegg å søkja i september, oppmodar vi deg særleg til å delta på orienteringsmøtet i august.
GOD SOMMAR !
Med venleg helsing
Audun Magnussen
Styreleiar
LOGOVINNAREN
Vinnaren heiter Silje Føyen, er 32 år og kjem frå Stord. For to år sidan flytta ho og hennar
sambuar til Onarheim der eg no jobbar som grafisk designer i eige firma frå mitt
heimekontor. Ho ynskjer å bruke pengepremien til å starte eit kontorfellesskap for kreative, frilansarar, tilflyttarar og pendlarar på Tysnes. Målet er å skape eit inspirerande miljø der ein kan treffe andre for å dele erfaringar, utvikle eige prosjekter og bedrifter og bygge nettverk.



Logosymbolet er forma som Tysnesøya, men i ein stilisert og modernisert variant som samstundes liknar eit hjarte. Dette symboliserer kjærleiken til lokalsamfunnet og fellesskapet som stiftinga skal bidra til å vidareutvikla. Den enkle forma gjer at logoen fungererbåde digitalt og til trykk, på små og store flater.
Aktuelt
Leikar til Lunde barnehage
Me har brukt premiepengane til å kjøpa to leikekjøkken som no står i leikehytta ute. I tillegg har me kjøpt magnetar i ulike formar som barna elskar å utforska. Dei kan brukast på mange måtar – både i frileik og i pedagogiske aktivitetar.

4A og 4B på Flip Zone
Elevane i 4B brukte klassekassa saman med 4A på ein avslutningstur som markering av skuleåret. Etter ønskje frå elevane gjekk turen til Flip Zone i Åsane, der dei fekk ein aktiv og innhaldsrik dag.
I løpet av dagen var det tid til både hopping, lunsj og quiz. Turen vart ei fin oppleving for både elevar og vaksne, og ein kjekk måte å avslutte skuleåret på.
Dette vart ei flott avslutning på åra ved Uggdal skule og ein minnerik dag for elevane.

Her kjem ein liten sak om kva Silje Føyen har brukt pengepremien.
Les meir
Logovinnar Silje Føyen
Sparebankstiftinga Tysnes

